Vellukka vårmønstring i Herøy

Morgontimane bar preg av eit grått skydekke over Herøy. Då klokka nærma seg opning av vårmønstring nr. 28, opna skylaget seg og bada både bilar, motorsyklar og besøkande i strålande sol.
Kultur

SJÅ OGSÅ: Vårmønstringa i bilete!

Oppstilling av bilar byrja tidleg tysdag morgon utanfor Herøy Kulturhus – lenge før sjølve arrangementet opna. Alle parkeringsplassane rundt kulturhuset vart etter kvart fulle av bilar og motorsyklar før publikum kom strøymande på.

Klassisk variasjon

Som vanleg var det stor variasjon blant det som kom køyrande inn for å utstillast. Alt frå eigenbygde motorsyklar, klassiske amerikanske muskelbilar, svenske restaurerte Amazonar til nyare amerikanse merkemodellar.

Innandørs pågjekk aktivitetar som modellbilutstilling, linedance og sal av effektar som flagg, plakatar, amerikanske bilskilt med meir.

Store kioskar var også rigga til så folk kunne setje seg ned blant dei skinande bilane å få noko å bite i.

Alt i alt var arrangementet nok ein gong ein suksess før Søre Sunnmøre Amcarklubb.



Du kan lese meir om dette i papirutgåva av Vikebladet Vestposten.