Rein Alexander:

– Det er alltid godt å kome heim igjen

På den store jubileumskonserten på Sjøborg kulturhus laurdagskvelden er det fleire lokale stjerner som får syngje med stjerna Rein Alexander.
Kultur

Sidan Rein Alexander Hauge Korshamn (40) er son av Svein Arne Korshamn frå Hjørungavåg og Johanne Hauge frå Gursken, kjenst det som den store artisten og songaren er litt ”vår”. Rein Alexander snakkar til dagleg austlandsdialekt, sidan han har vakse opp på Austlandet, men slår gjerne over til klingande sunnmøring når han er på desse trakter. I vaksen alder budde han også ei tid på Gursken.

Mangslungen bakgrunn

Rein Alexander voks opp i ein musikalsk familie og song i fleire år i Sølvguttene. Som elleveåring fekk han ei rolle i Den Norske Opera si oppsetjinga av Tryllefløyten.

Noreg, USA, Island, London Italia og Sverige er alle stader Rein Alexander har kalla heime, ifølgje heimesida hans. Dette er land der han har budd og studert eller arbeidd profesjonelt i.

Han gjekk ut som beste elev ved The Reykjavik Academy of Singing and Vocal Arts, noko som førte han rett til London og studiar ved Royal Academy.

I 2003 vann han TV-konkurransen Kjempesjansen og det var då det norske folk verkeleg fekk augo opp for Rein Alexander.

– Over natta vart han landskjent. Autografjegerar stod i kø, og på gata kom folk bort å ville prate. Mange snakka om at ei ny stjerne var fødd, og fleire spådde han endå til ei framtid i klasse med namn som Andrea Bocelli, skriv NRK på nettsida si.



Gledd mange med songen sin

Sidan den tid har Rein Alexander gjeve ut fem plater, som til saman har selt meir enn 100 000 album. Han har sunge tallause konsertar og gjort fleire hundre opptredenar for norsk næringsliv og private arrangørar.

Av sceniske roller kan me nemne Jean Valjean i Les Misérables, Anatoly i Chess, Terje Vigen, Anton Fugger i Which Witch. Og han har reist på fleire juleturnéar, mellom anna med Elisabeth Andreassen.

Dei seinare åra har han også vore med i fleire fjernsynsprogram, som Camp Senkveld og Fangene på Fortet. Og mange hugsar nok at han song Vassendgutane då han var på Beat for Beat sist haust.

– Æresjobb

Rein Alexander meiner det blir overflødig om Vikebladet Vestposten skriv eit intervju om at Sunnmøre kjenst som heime, for det veit alle som kjenner han, og det er ein del. Gjennom oppveksten har Rein Alexander opptredd mykje på Ytre Søre Sunnmøre. Han har fleire gonger sunge på konsertar med ULF/HDU og har bak seg fleire nyttårskonsertar. Han har sunge fleire gonger med Tina Brandal og kjenner henne godt. Mange i Ulstein og Hareid minnest då dei song “The Prayer” i lag på hotellet, då det låg på Varleite. Denne songen skal dei syngje duett på også på jubileumskonserten.

– Det er veldig kjekt å kunne samarbeide med dei heimafrå, dei er så flinke til å spele og syngje, rosar Rein Alexander.

Han er ekstra spent på duetten han skal gjere med Bror Magnus Tødenes. I lag skal dei gjere Perlefiskeduetten, ein veldig stor og krevjande duett som det ikkje er mange som gjer bra. Sist Rein gjorde denne duetten var i Oslo Konserthus.

Sjølv om Rein Alexander har opptredd mykje på våre trakter blir det første gongen han syng på Sjøborg kulturhus, det ser han fram til. Han ser på det som ein æresjobb å få syngje på Sjøborg i lag med dei dyktige lokale artistane.



Som plomma i egget

– Kva jobbar du med no? Vil du røpe det?

– Ja, hehe, det er litt artig du spør på det viset for mange opptredenar eg har er overraskingar. Eg opptrer ein del for private lag og næringslivet, fortel Rein Alexander som nyleg har vore i Trondheim der han song i lag med Kurt Nilsen og Maria Haukaas Mittet. Deretter hadde han ein privat opptreden i Kongsvinger. I desse dagar arbeider han også med å spikre juleturneen til komande jul. Alt i mars var ruta for dei 40–50 stadene han skal innom på juleturneen sin bestemt. Han skal på vegen med 4–5 ulike konstellasjonar, så det er mykje som skal planleggast. Dette skal vere innøvd og på plass innan juli, for etter det har han så mykje anna han skal arbeide med.

Framover har Rein Alexander mange songoppdrag. Samstundes jobbar han intensivt, natt og dag, med den nye plata si. Han kan ikkje svare på når ho vil kome ut, truleg til jul det også.

– Det blir heilt annleis musikk enn nokon vil tru, ler han og fortel at dei starta ein stad og endar ein annan stad.

– Så du har mykje å gjere, skjønar eg.

– Ja, og det likar eg. Eg har det som plomma i egget, slår den populære artisten fast. Han har aldri tidlegare hatt eit så aktivt år som i år.



Nye fjernsynsprogram på gang

Rein Alexander jobbar også med eit nytt TV-konsept, utan at han førebels kan røpe for mykje om det.

Han er fullbooka nesten eit år fram i tid, og har alt fått fleire spanande tilbod om neste år, både i inn- og utland.

– Skal sjå om det ikkje blir ein musikal også neste år, legg den aktive artisten til. Som om han ikkje hadde nok å hengje fingrane i skal han attpåtil gifte seg til sommaren.



Tospråkleg

Underteikna var spent på kva dialekt Rein Alexander kom til å snakke i telefonintervjuet med Vikebladet Vestposten. Ville han snakke sunnmøring til den trønderske journalisten? Ja, det gjorde han.

– Når det handlar om ein konsert eg skal gjere i Ulsteinvik, og det er lokalavisa der oppe som ringjer, då blir det sunnmøring, forklarer mannen som har vakse opp i Oslo, men like mykje ser på seg sjølv som sunnmøring.

Han er spent på kva dialekt han kjem til å snakke til borna sine når den tid kjem.



Er på Sunnmøre så ofte som mogleg

– Eg der oppe så ofte som mogleg, fortel Rein Alexander.

No håpar han at alle kjem på jubileumskonserten under Smak av Ulstein, for å feire dei fantastiske lokale artistane.

– Dei er så flinke og iherdige. Og dei har gode leiarar som er gode å samarbeide med, avrundar Rein Alexander.