Debuterer som barnebokforfattar

Ingunn Røyset frå Hareid, debuterer som barnebokforfattar i haust.
Kultur

Ingunn Røyset (f. 1965) er frå Hareid og har vore journalist i Vikebladet Vestposten sidan 1997. Ho bur no på Flø og debuterer som forfattar med barneboka «Prins Storm».

«Prins Storm» er ein biletbok om guten Storm som ikkje heilt passar inn. Veslesøster meiner han ser ut som ein frå ein annen planet, bestefar synest han skal klippe seg og tante synest han er for vill. Mamma synest derimot at han er ein prins, og han veit, heldigvis, sjølv kor han høyrer heime.

Røyset samarbeider med illustratøren Annlaug Auestad som gir blekk og farge til boka. Auestad har illustrert ei rekke bøker og står sjølv bak biletbøkene «Kor er Neppe?» og «Kuvenninner».

«Prinsen Storm» blir gitt ut av Det Norske Samlaget. Dei skildrar boka som ein hyllest til fantasien og retten til å vere seg sjølv.

Boka har utgiving i midten av september.