Lokalt talent på Cirkus Minimax

Unge Robin Mork Kleppe (12) fekk prøve seg som cirkusartist då Cirkus Minimax hadde sesongpremiere laurdag kveld.

TRIKSA Robin Mork Kleppe (12) triksa med diaboloane sine under andre akt. Foto: Joakim Rødven 

Kultur

Laurdag kveld kunne ein få ein liten smakebit på kva Cirkus Minimax har på programmet når sesongen for fullt startar til sommaren. I den fyrste akta fekk dei om lag 20 frammøtte vitje mellom anna sjonglørar av ulike slag, blansekunst og diverse andre artistiske innslag.

Denne helga var sett av som ei familiehelg, der ungar kunne få prøve ut noko av utstyret i ein såkalla workshop etter at framsyninga var over.

Diaboloartist

I akt nummer to fekk 12 år gamle Robin Mork Kleppe frå Ulsteinvik opptre for publikum. Mork Kleppe har allereie markert seg i nærmiljøet for talentet sitt. Ungguten deltok tidlegare i år på Ungdomens Kulturmønstring for Ulstein og Hareid, og kom seg vidare til fylkesmønstringa med diabolotriksa sine. Men på sikt er det nok ikkje dette han ser føre seg som levebrød.

- Nei, det er det ikkje. Det er berre ein hobby, seier han bestemt.

Les også: Vellukka kulturmønstring

Også familien til artisten hadde teke turen for å sjå yngstemann debutere som cirkusartist.

- Det er jo veldig kjekt det, seier pappa Kjartan.

Fullt program i juni

Sjølv om Cirkus Minimax hadde sesongpremiere allereie no, er ikkje alt heilt på plass enno. For når sommaren kjem vil det bli endå meir på programmet.

- Dette var den fyrste gjennomkøyringa vår, så vi har ikkje hatt nokre generalprøver før framsyning denne helga. Etter kvart så vil det bli fleire artistar og aktivitetar på programmet, og frå og med juni så vil vi ha fullt program, orienterer cirkusdirektør Carl-André Hjelvik.

I tillegg til  Hjelvik sjølv og gjesteartisten Mork Kleppe, opptredde også dansken Steen Offersen og Ingrid Lone på laurdagens framsyning. Cirkuset har også ei framsyning søndag.