Stian Blipp vart årets Skjemtegauk

Han har gjort det før, og han gjorde det igjen. Stian Blipp vart i helga årets Skjemtegauk.

SKJEMTEKONGEN Stian Blipp tangerte rekorden og tok sin andre Skjemtegauk-pris.   Foto: Joakim Rødven

TO AV TO Tilskodarane likte godt innslaget frå 23-åringen.  Foto: Skjemtegaukfestivalen

Kultur

I helga vart Skjemtegaukfestivalen arrangert for 10. år på rad, etter oppstarten i 2004. Dette har etter kvart har blitt ein god komikartradisjon og har innslag av både nasjonale, men også loakle, artistar.

Éin av dei artistane som var på scenen under årets festival var bergensaren Stian Blipp, som mange kjenner til som programleia i mellom anna Norske Talenter og Idol.

To av to

23-åringen deltok også for to år sidan, og den gongen stakk han av med den gjeve prisen som årets Skjemtegauk. I år ville han ikkje vere noko dårlegare.

Etter at den siste artisten hadde  opptredd laurdags kveld, og røystene var ferdig talde opp, gjekk han heilt til topps endå ein gong.

Korleis han lukkast med å ta to av to prisar, forklarar han slik:

- Det er ein god dose flaks, og litt ferdigheiter i tillegg. Konkurransen blir berre tøffare og tøffare kvart år, seier han audmjukt.

Skal gni det inn

Noko han er mindre audmjuk på, er korleis han skal feire prisen. For der skal ikkje han leggje noko i mellom.

- Eg skal trykkje det opp i andletet på dei andre deltakarane, utan tvil. Det skal vere mogleg å sjå naseavtrykka til dei andre deltakarane i glasramma, seier han lattermildt og legg til:

- I morgon skal eg også køyre heimover igjen saman med Vidar (Hodnekvam), som var programleiar. Då skal eg hengje opp diplomet som ein wunderbaum slik at han må sjå på det heile vegen heim att.

Hattrick?

- Men Stian, no har du vunne to av to gongar. Går du for tre strake sigrar?

- Det hadde jo vore moro å ta hattrick, "The Treble" eller kva ein no enn kallar det. Så eg håpar jo at eg får vere med neste år også, dersom arrangørane ønskjer meg tilbake.

- For kor mykje betyr denne prisen?

- Åh, nei, det er ein av dei gjevaste prisane ein kan vinne vinne. Det betyr enormt mykje, spesielt med tanke på den internasjonale standarden, seier han med eit lurt smil.

Rekord

Skulle Blipp vinne neste år også, vil han gå inn i historiebøkene til festivalen.

For saman med nettopp Vidar Hodnekvam, har dei to bergenserane flest Skjemtegauk-prisar - med to kvar.

Tek han tre av tre vil han derfor bli den mestvinnande komikaren i festivalens historie, så langt.