På ishavstokt til Grønland

Nyleg sette ni mann om bord på Hagbart Waage kursen frå Brandal til søraust på Grønland.

Åtte av dei ni som reiser mot Søraust-Grønland på Hagbart Waage. Sigbjørn Røren var ikkje til stades då biletet vart teke.  

Hagbart Waage på veg ut hamna i Brandal.  

Kultur

For tredje gong har Ole Christen Røren og kompani lagt ut på tokt. Fredag var Vikebladet Vestposten om bord, før turen med den ombygde redningsskøyta Hagbart Waage starta frå Brandal og mot målet; gamle norske busetnader på Søraust-Grønland.

– I 2006 gjekk turen også til Grønland, men lenger nord. Deretter reiste vi til Svalbard i 2008, så dette vert den tredje ekspedisjonen, fortel Ole Christen Røren.

Han og fleire av dei andre kjenner kvarandre frå arbeid på Svalbard, der Røren mellom anna har hatt sju overvintringar.

Ingen sydentur

– Turen skal gå frå Brandal til Vestmannaøyane på Island, før ein går vidare mot Skjoldungen på Grønland og kysten sørover mot Kapp Farvell. Totalt skal reisa ta om lag fem veker. Tur-retur reknar vi med å nytte 16 dagar og då har vi tre veker der borte, fortel Røren, men han legg til at is, vêr og skiftande tilhøve kan påverke turen.

– Det er ikkje eit isgåande fartøy vi reise med.

Målet med turen er i fylgje Ole Christen Røren å sjå om ein kan finne leivningar etter gamle norske busetningar, fangst- og radiostasjonar.

– Det er ikkje nokon sydentur vi skal ut på, så det er nok meir ein tur for spesielt interesserte. Difor tok eg ei telefonrunde til folk eg har arbeidd med på Svalbard, fortel Røren.

– Vi har høg snittalder, men det er ein god gjeng.

På turen har Ole Christen Røren fått med seg Audun Gården, John Giæver, Bjørn Woll, Steinar Aslaksen, Johannes Hjønnevåg, Magnus Sefland, Sigbjørn Røren og Øyvind Thomassen.

Virke og hobby

Magnus Sefland som tidlegare mellom anna har arbeidd som lærar på Hareidlandet og har hatt ein del med Ishavsmuseet på Brandal å gjere har utarbeida eit kompendium i høve ekspedisjonen.

– Ishavshistoria hamnar vel i skjeringspunktet mellom virke og hobby for min del, fortel han.

– Eg har gått heilt tilbake til mellomalderen då Grønland vart teke inn under Danmark saman med Noreg. Etter Versaillesfreden vart Noreg tildelt Svalbard, medan det stillteiande vart signalisert at ein då måtte halde seg vekke frå Aust-Grønland, fortel Sefland.

Norsk ishavsimperialisme

På byrjinga av 30-talet tilspissa situasjonen på Grønland seg og nordmenn, mellom anna frå Brandal, okkuperte delar av Aust-Grønland. Dette førte til at Danmark klaga okkupasjonen inn for folkerettsdomstolen i Haag, som dømde mot Noreg 5. april i 1933.

I løpet av okkupasjonen vart det oppretta ei rekke norske radio- og meteorologiske stasjonar, mellom anna Brandalsbu, Finnsbu og Torgilsbu.

I fylgje Sefland er det ikkje store håpet om å finne godt bevarte leivningar etter dei norske busetnadene, men han håpar det skal vere mogeleg for ekspedisjonen å kartlegge og dokumentere tomter, leivningar av tufter.

– Det er også spanande å sjå om posisjonane som er oppgitt faktisk stemmer, sidan vi har betre mogelegheiter til å kontrollere dette i dag, fortel Magnus Sefland.