Hjorth til Ulstein kunstlag

Laurdag 21. september får kunstlaget besøk av Karoline Hjorth som vil fortelje om og vise bilete frå prosjektet sitt «Mormormonologene».

Laurdag 21. september får kunstlaget besøk av Karoline Hjorth som vil fortelje om og vise bilete frå prosjektet sitt «Mormormonologene». 

Kultur

«Mormormonologene» starta som ei webplattform med lyd og bilete av norske kvinner over 80 år, og utvikla seg vidare i bokform, utstillingsformat, teaterstykke og kortfilm. Boka, som vart publisert i september 2011, vart lansert i Operaen under Oslo Bokfestival, og andre opplag kom i 2012. Utdrag frå serien vart også vist under Høstutstillingen 2011 og har vore representert i fleire utstillingar i og utanfor Noreg: GaGo (Oslo), Østlandsutstillingen (Fredrikstad), Host Gallery (London), Mumbai Cricket Club (India) og Galleri Svae (Gjøvik).

Kvinnene si rolle

Ulstein kunstlag har lenge hatt lyst til å få Hjorth på besøk, og i høve stemmerettsjubileet i år fann dei det ønskjeleg at Karoline Hjorth skulle fortelje om prosjektet sitt i 2013. Til Ulsteinvik har Hjorth med seg bilete, bok, film og lydspor frå «Mormormonologene» i kofferten. «Mormormonologene» er eit personleg generasjonsportrett, skildra gjennom eit utval distinkte kvinneskikkelsar over 80 år. Boka byggjer på ein serie innsiktsfulle, sjølvutleverande, provoserande og underhaldande forteljingar om makt, identitet og sosiale roller som vert endra med alderen.

Boka tek utgangspunkt i myten om den gamle dama; ho som lyttar og gir kloke råd, trøstar, varmar og kjempar stille. Men er det nokon som høyrer på mormor? Og kven er ho eigentleg?

Fotograf, journalist og kunstnar

Karoline Hjorth er utdanna innan foto og journalistikk frå London, og arbeider i krysningsfeltet mellom portrett, kunst og dokumentar. I løpet av dei siste åra har Hjorth vist arbeida sine både nasjonalt og internasjonalt, mellom anna ved Pioneer Works (New York), Museum of Contemporary Art Kiasma (Helsinki), Seibu Shibuya (Tokyo), Royal College of Art, National Portrait Gallery, Gulbenkian Foundation, London 2012 Olympic Park, Photographers' Gallery (London), Finsk-norsk Kulturinstitutt i Oslo, Høstutstillingen, Østlandsutstillingen og Pecha Kucha i Oslo.

– Vi i Ulstein kunstlag håper mange, både dei som er mormor eller morfar, farmor eller farfar, far eller mor, dotter, son eller barnebarn, tek turen til Sjøborg denne laurdagen. Nytt høvet til å bli betre kjend med ein interessant og nyskapande fotograf, journalist og kunstnar. Velkomne skal de vere, seier kulturlagleiar Aud Marit Wigg.