Heider til kvinnene

Laurdag fekk fleire lokale kvinner heider ved eit bokslepp på Quality Hotel Ulstein.

Det vart ei flott feiring med samarbeidspartnarar, hovudroller og initativtakarar under laurdagens bokslepp ved Quality Hotel Ulstein.  

Kultur

Fram til i dag, er der mange kjende namn som pregar historia om Ulstein, både som by og kommune. Åtte ressurssterke kvinner skil seg ut. Desse fekk heider under sleppet av boka “Kvinner som bygde ein by” hjå Quality Hotel Ulstein på laurdag.

Ein veg inn i livet

Dagleg leiar, Magne Grimstad Jr. ved Fantastiske Osberget, som har teke del i produksjonen av den flotte forteljinga, innleiar boksleppet med å ønskje velkomen, samstundes som han reflekterer over korleis Ulstein-samfunnet hadde sett ut utan desse sterke kvinnene.

– Det var i vår at leiaren, Aksel Hauge, i Ulstein Historielag kom til meg med eit manus frå Levd Liv om jordmord Oddny Holte. Det var ei vakker forteljing som samstundes skilde seg litt ut frå resten av stokken i Levd Liv. Ei forteljing som er avgjerande for mitt liv. Det var Oddny som tok i mot to store “pluggar” heime i stova, som var vår veg inn til livet, reflekterer Grimstad, med tankar på sin tvillingbror, Åge Grimstad, som også representerte Fantastiske Osberget denne laurdagen.

Vidare fortel Magne at Oddny likeins var vegen inn i livet for forfattaren, Trudi Henrydotter Eikrem, før han presenterer resten av kvinnene som har gjort sitt inntog fortent i Ulstein si historie.

– Korleis hadde samfunnet vårt, Ulstein-samfunnet, sett ut i dag utan kvinnene, undrar Magne undervegs i talen sin.

Solide velferdsstrukturar

– Dette er ei historie om kvinner som har jobba veldig mykje. Velvilje, godheit og ei innstilling på at dei vil hjelpe til. Eg ville at denne boka og desse forteljingane skal opplyse oss om kva det vil seie å jobbe hardt og kva desse kvinnene sine usynlege bidrag faktisk har bidrege til, seier ein stolt forfattar til den frammøtte forsamlinga i hotellobbyen.

Til fleire av hovudrollene, presenterer forfattaren delar av historia i boka, som stadfester at kvinnene har skapt solide velferdskulturar som vi i dag tek for gitt.

Ei flott bok

Leiaren av historielaget, Aksel Hauge, fortel etter seremonien at dette er det tredje bokprosjektet Ulstein Historielag deltek i, men at han ikkje vil seie noko om kva for ei som er best.

– Det er uansett ei veldig flott bok. Den er godt skriven, og dei som har delteke i den har hatt noko å fortelje, slår Hauge fast i ein kjapp kommentar.

Takkar for tilliten

Etter både songinnslag og ord på talarstolen frå leiar Wenche Mork i Ulsteinvik Sanitetsforeining, takkar Trudi Henrydotter Eikrem for tilliten.

– Denne boka kviler på åtte kvinners mot. Mot til å ha levd sine liv og mot til å dele sine livsforteljingar. Mot har også familiane til kvinnene, som gjennom dette deler forteljingar om sitt opphav med den som vil lese. Eg vil gjere meg til representant for lesaren og takke for den tilliten. Eg håpar at fellesskapen og eg, som forfattar, gjer oss tilliten verdig, avsluttar Trudi.

Spleiselag

Boka er eit spleiselag mellom mange. Fantastiske Osberget med Magne Grimstad jr. starta prosessen, som skapte entusiasme i eigne rekkjer og ute hjå lokale aktørar.

Ulstein Historielag og Ulstein Sanitetsforeining var positive til å gje ut boka, og kunne difor gjennomførast i 2013 – hundreårsjubileet for allmenn stemmerett.

– Ein takk går også til kompetente kollegaer ved Høgskulen i Volda, Asle Geir Widnes Johansen og Randi Bergem for korrektur og innspel, takkar Trudi.

Boka er sponsa av aktørar som Ulstein kommune, Sparebank 1, Sparebanken Møre, John Kleven AS, og Ulstein Group AS, og er nydeleg illustrert med vakre motiv frå fotograf Per Eide, ved Per Eide Studio i Ulsteinvik.