Skjemtegaukfestivalen:

Drygt og observerande

Årets Skjemtegauk Joachim Skage fekk utmerkinga "Årets Skjemtegauk" då han gjesta Ulstienvik og Skjemtegaukfestivalen i 2012 

Kultur

Fredag 4. og laurdag 5. juli er det igjen klart for Skjemtegaukfestivalen i Ulsteinvik.

Den etter kvart så tradisjonsrike festivalen går føre seg for ellevte gong i år, og etter fjorårets tiårsjubileum, går festivalen litt tilbake til røtene i år.

Heilt frå starten av har intensjonen til Skjemtegaukfestivalen vore å presentere eit knippe kjente og ukjente komikarar i Ulsteinvik, som har det til felles at dei er svært morosame. I tillegg har det vakse fram ei sosial ramme rundt festivalen, som gjer at komikarane ynskjer seg attende år etter år.

Allereie frå dei fyrste åra presenterte Skjemtegauk ei blanding av etablerte komikarar, og unge og ferske komikarar som mange ikkje hadde høyrt om. Men mange av disse har seinare vakse til å verte blant landets fremste. Folk som Nils Ingar Aadne, Siri Kristiansen, André Jerman, Henrik Thodesen, Stian Blipp og Else Kåss Furuseth var relativt ubeskrivne blad fyrste gongen dei var i Ulsteinvik, men har i den seinare tid gjort seg godt merkte både på standupscena og i andre samanhengar.

Ein god miks

I år satsar festivlalen på ei blanding av erfarent og fersk, etablert og framadstormande, smart, drygt og observerande.

Christer Torjussen er etterkvart ein veteran i standupmiljøet i Noreg, og ein av dei som har gjort mest for å løfte unge og lovande talent fram på dei mange scenene rundt om i landet. Tomas Nesse og Rune Lothe er framleis stigande stjerner på humorhimmelen, men allereie berebjelkar i det stadig sterkare humormiljøet i Bergen.

Joachim Skage og Jahn Gorakh Bremdal har vore med i Oslo-miljøet i ei årrekke, og medan Joachim har vore ein leiande figur innan landets største komikarklubb, Reis Deg Komiker, så har Jahn Gorakh gjort seg bemerka med sine humoristiske betraktningar både på Aftenposten-TV, og eigen Youtube-kanal.

Sjokkerande

Kevin Arnt Finesse Kildal representerer standupmiljøet i Trondheim, der han er ein sentral figur. Han er av den nye generasjonen komikarar som no veks fram, og er kjent for sine sjokkerande vinklingar på dagleglivet.

Dei tre siste er austlandsbaserte, og også flotte representantar for den nye generasjonen. Henrik Farley, Siri Seljeseth og Halvor Hravn Jellum Johansson er kanskje dei mest lovande standupkomikarane vi har i dag, og dette er garantert namn som kjem til å dukke opp om nokre år, og då kjem du igjen til å tenke: «Å han/ho ja? Han/Ho såg eg på Skjemtegauk før ho/han slo gjennom og vart kjent landet over...»

Billettar er i sal på Sjøborg sine nettsider.