- Det er god rosastemning her i dag

Hugo Opdal var godt nøgd med den femte kunstivalen «Go With The Flø». Sjå biletserie frå arrangementet her.
Kultur

I knallsol under ein bortimot skyfri himmel held «Go With The Flø» på denne helga.

Ved Studio Hugo Opdal er det høve til både å nyte kunst, køyre traktor og elles kose seg på Flø.

Hugo Opdal sjølv var i godt humør då lokalavisa møtte han under kunstivalen.

- Dette har gått kjempebra. Så eg er veldig nøgd så langt, seier Opdal til Vikebladet Vestposten.

Rosastemning

- På ein dag som dette kunne du ikkje ha vore meir heldig med vêret, Hugo?

- Nei, det er heilt fantastisk. Og så er det også veldig viktig at det var såpass bra, forklarar han.

Og med både rosa traktor, limousin og isbil var det ingen tvil om at den fargen står sterkt denne helga.

- Det er god rosastemning her, smiler Opdal.

Sjå biletserie frå kunstivalen øvst i saka.