Sommarferien nærmar seg, og biblioteka i fylket inviterer til lesekonkurranse også i år.

– Kvart år dei siste ni åra har biblioteka på Sunnmøre hatt ein uhøgtideleg lesekonkurranse som blir kalla for «BOKsommar», fortel Anne Vasstrand, bibliotekleiar for Hareid folkebibliotek.

– Alle born frå 1. – 7. klasse kan vere med. I denne konkurransen skal ein fylle ut i eit lesepass som ein finn på heimesidene til folkebiblioteka både i  Hareid og Ulstein, samt på sjølve biblioteka. Lesepassa vil også bli utdelt på skulane. I lesepasset fyller ein ut dei bøkene ein har lese gjennom sommaren. Då blir ein med i trekninga av fine premiar. Vi vil få med oss flest mogleg, og det fine med denne konkurransen er at ein kan lese akkurat det ein vil. Ein kan lese tjukke bøker, tynne bøker, høyre på lydbøker, lese teikneseriar eller bli lest til. Moglegheitene er mange, seier Vasstrand.

Lesing er ein ressurs

– I sommar vil vi at borna skal lese. Vi vil at borna skal oppleve bøkene si magiske verd. Vi ønskjer at dei skal oppdage leseglede som ein ressurs dei kan bruke resten av livet.

Når du les eller lyttar til tekstar, utviklar du evna di til å produsere eigne meiningar og tankar. Den språklege merksemda di vert også utvikla, og du utvidar kunnskapen din, både om deg sjølv og dei du har rundt deg, seier dei fire damene som Vikebladet Vestposten møtte på Hareid folkebibliotek.

– Vi ønskjer at ungane skal lese, ikkje fordi dei må, men fordi dei har lyst. Enten du er lærar eller føresett, ønskjer vi at du skal bli med å inspirere borna til å oppleve litteratur i sommar, seier Vasstrand

– I år vil det også vere ein liten vri, det vil bli ein konkurranse mellom kommunane om kven som har flest deltakarar. Det blir sjølvsagt tatt omsyn til innbyggjartalet i kommunen, fortel Ann-Mari Harkjerr som er bibliotekleiar for Ulstein bibliotek.

– «Boksommar» handlar om leseglede og ikkje om prestasjonar, understrekar alle fire.

Når hausten kjem blir alle borna som har vore med invitert til ein fest med underhaldning, god mat og utdeling av diplom og premiar.