Vismannen Artabantrudde han gjekk ein omveg - han trudde han mista vegen av syne. Men vegen ledaham framover, og sjølve vegen blei nokohan måtte gjennomføre for å nå detverkelege målet.
Forteljinga om «Den fjerde vismann» er ein klassikar i sitt slag, og den bleiførste gong framført ved ei juledagsgudsteneste i New York i 1892.
ForfatterenHenry Van Dyke fekk ei natt forteljinga til seg som ei gåve fra det tommeinkje.
«Denfjerde vismann» handlar om stjerneforskaren Artaban, som også sågstjerna på himmelen. Han ville gåog leite etter kongsbarnet. Artaban fekk ei intensovertyding om noko som var viktigare enn alt anna.
– Historien handlar om detudefinerbare, det unevnelege og det nødvendige i eit menneske sitt liv, seierHelga Samset.
Helga Samset har bearbeida historien om «Denfjerde vismann» og skal sjølv fremføre den. Samset er ein av få iNoreg med tittelen ”forteljar”, og ho harvore profesjonell utøvar sidan 1995.
Samset har skreve seks sangtekstar til juleforestillinga som artisten Maria Solheim har satt melodiartil. Under forestillinga vil ho framføresongane saman med bandet Humming People.
– Det er sterke tekster, og låtane harulike uttrykk og genre, seier Samset.
Maria Solheim er 30 år og etablert artistmed fire CD-utgjevingar bak seg allereie før ho fylte 24. No er ho igjenplateaktuell med utgjevinga «In the Deep».
Maria og Helga er einige om at «Denfjerde vismann» er ei litt annleis, men fantastisk juleforestilling som deigler seg til å framføre.
– Fortellinga om «Denfjerde vismann» handlar påmange måtar om å velge diakoni som livsstil. Vi i Misjonsalliansen er glade for åvere med på ei juleforestilling som løfter fram dette perspektivet, seier ArntH. Jerpstad, generalsekretær i Misjonsalliansen.
Velkommen til eivakker forestilling om julenatta sitt mysterium og kjærleikens veldige kraft.