Sommerfesten på Giske går av staben 27. juli og kan i år skiltemed kjende artistar som Kaizers Orchestra, Bigbang og Bjørn Eidsvåg. KlyngjeorganisasjonenNCE Maritime vil i samarbeid med Momentium gjere det enklare å kome seg til og frå Sommerfesten. Gjennom eit omfattandebusstilbod kan publikum kome seg trygt og miljøvennleg til og frå festivalen.

- Ei av NCE Maritimes viktigaste oppgåver er å arbeidefor å knytte oss saman til ein sterk felles bu- og arbeidsregion. Vi har eitspennande næringsliv og flott natur. I tillegg får vi no kulturtilbod iverdensklasse gjennom dei mange festivalane i regionen denne sommaren, seier PerErik Dalen i NCE Maritime.

Det vil bli sett opp bussar frå Volda, Fosnavåg, Ulsteinvik,Sula, Magerholm, Brattvåg og Vestnes slik at det blir enkelt å kome seg til ogfrå festival på ein trygg måte.

- Momentium ønskjer at alle skal få oppleve godmusikk og sommarleg festivalstemning og legg difor til rette for atfestivalgjengarar, uansett alder, skal få besøke Sommerfesten på Giske. For foreldre er det greit å vite at ungdommen kankome seg trygt heim med buss, seier marknadssjef i Momentium Ronny Stokke.

NCE Maritime arbeidar for den maritime klyngja på Møre og ser på det som svært viktig at regionen også har eit spennande kulturtilbod til sine innbyggjarar.

- Denmaritime næringa har eit stort behov for kvalifisert arbeidskraft og vi ser attotalpakken av kva tilbod regionen har, er viktig når folk skal busette segher, seier Dalen.

Buss t/r - Ulsteinvik Sentrum:

Bussen går frå Ulsteinvik laurdag morgon og reiser frå Sommarfesten laurdag kveld. Bussen korresponderer med hurtigbåt til og frå Valderøya og buss vidare til og frå Sommerfesten.