Hanna Bakkely såg ein pandabjørn på ei t-skjorte, og den tykte ho var så fin at ho ville måle den.

Biletet av pandaen er mellom det du får sjå når Hareid Kunstlag inviterer til ei heilt spesiell utstilling komande laurdag. Elevane ved  Hareid Musikk-  og kulturskule, lina for visuell kunst, viser kva dei har  arbeid med dette semesteret.

Kunstlaget vil gjere stas på dei som vel denne retninga, og for femte år på rad har laget invitert elevane til å stille ut arbeida sine. Dei  som vel denne retninga har ikkje så mange arenaer å vise seg fram på.

Det er stor spennvidde i kunsten, fordi det er spennvidde i alder. Utstillinga viser måleri, materialarbeid og keramikk, som er nytt av året.

- Eg er svært glad for at vi fekk kjøpe inn leire og brenne på ungdomsskulen. Elevane har laga andlet. Eit slikt arbeid er tidkrevjande. Steg for steg må dei bygge opp andletet, og etter kvar gong må arbeida pakkast tett inn slik at leira ikkje tørker, forklarer Hareide.

Akryl

Utstillinga viser også måleri i akryl. Her har oppgåva vore å kopiere eit måleri for å lære seg måleri frå botnen av, og for å lære seg fargelære. Nokre av dei har også henta motiva frå eigen fantasi der dei har teke med seg lærdomen frå kopien.

Materialarbeid er noko av det elevane har likt best å arbeide med.  Her ser ein mange små rom innreia med finurlege detaljar som minimåleri og møblement  der det også er plass til datamaskina.

Sidan kulturskulen i Hareid starta med grupper for dei som likar å teikne, har  det blitt stadig fleire av dei.  No har skulen nærare 50 elevar  i alderen fem til seksten år fordelt på åtte grupper som er ivrig opptekne ein gong i veka under lærar Kristine Hareide. Utstillinga er opa førstkomande laurdag og søndag.