Neste haust skal produksjonen "Da KORK kom til bygda" sendast på NRK. I det høvet er statskanalen no ute og leitar etter aktuelle profilar som dei skal følgje i denne TV-serien.

Fredag er det Ulsteinvik som er stoppestad for castingcrewet, som er representert ved Une Randstad og Mari Mehus.

På kvelden vert det moglegheiter for å møte desse to damene ved Ulstein hotell, dersom ein skulle vere interesserte i å delta på programmet.

- Vi håpar sjølvsagt at mange kjem innom, både for å introdusere seg sjølve i ein heilt uforpliktande prat, men også dersom ein kjenner til nokon som kunne passe i dette programmet, fortel dei.

Researchrunde

Med det første skal castingcrewet berre bli kjende med menneske rundt om i landets mange tettstadar og bygder.

- Vi er no på ei researchrunde der vi håpar å få høyre nokre spanande historier og møte mange nye folk, opplyser Mehus.

Dersom nokon i nærområdet skulle bli plukka ut til å bli med på denne serien, vil NRK følgje denne personen og lære meir om staden han eller ho kjem frå.

I tillegg får dei utvalde lov til å spele saman med Kringkastingsorkesteret (KORK).

Ut av storbyane

At NRK lagar denne produksjonen har sitt opphav i at dei ønskte å gi tettstadar og KORK eit litt tettare møte med kvarandre, og ta med orkesteret ut av storbyane.

- Det trur eg berre er positivt og at det kan føre til nokre fine møter mellom orkesteret og tettstadane. Forhåpentlegvis kan det gi KORK nokre musikalske utfordringar også, ettersom dei kanskje ikkje kjenner til alle musikkulturane og -tradisjonene rundt om i bygdene, forklarar dei.

Videoaudition

For å bli med i denne TV-serien må alle sende inn ein video av seg sjølv der spelar musikk, så det vert ingen opne auditionar.

- Nei, det er ikkje ein konkurranse som Idol dette her. Vi er ute etter fine profilar og gode historier, understrekar dei.