Då Sigvald Håkonsholm starta opp smie og slipp på Håkonsholmen rundt det førre hundreårsskiftet, vart dette på sett og vis starten på verftindustrien i Ulstein.

No ønskjer noverande eigar av holmen og oldebarnet til Sigvald, Inge Håkonsholm, å setje i stand den gamle smia, og nyleg løyvde Stiftelsen UNI 25.000 til dette formålet.

Stiftelsen UNI er ei allmennyttig stifting som gir økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og fortidsminne. Stiftelsen sitt ideelle formål er å fremje allmennyttig verksemd innan skade- og miljøvern.

Kulturmiljøet på Håkonsholmen, som smia er ein del av, er med i forslag til regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi i Møre og Romsdal.

Starta opp i 1885

Sigvald Håkonsholm hadde gått smedlære i Ålesund og sette i 1885 opp ei smie på Håkonsholmen i 1885. I tillegg til å lage verkty og anna for gardsarbeid, laga han også ein del utstyr og beslag til båtar. Etterkvart sette han også i gang med å montere motorar om bord i båtane.

I 1905 fekk han bygd ein slipp og kunne no drage båtane på land, noko som sjølvsagt var ein stor fordel. Men etterkvart som båtane vart større og større og elektrisk kraft framleis ikkje var utbygd ut til Håkonsholmen, gjekk tida til slutt i frå verksemda som likevel heldt det gåande til slutten av 40-talet.

I dag står smia der om lag som ho gjorde det den tida ho var i bruk, men store delar av taket må skiftast ut. I tillegg må avlen, belgen, metallhetta over avlen og skorsteinen restaurerast.