- Eg song alltid mykje i oppveksten, men det var først i slutten av tjueåra - då eg oppdaga jazzen, at eg følte det begynte å svinge, seier Fredrik Steen. I mars reiser han på ein omfattande turné med det heilproffe storbandet The Goodfellas Band.
Draum i oppfylling: - Å få synge med eit storband av slik klasse er ein draum som går i oppfylling for meg! seier Fredrik Steen. Her er han flankert av den svært anerkjende trommeslagaren Børre Dalhaug frå Ålesund, og bandsjefen og trombonisten, Erling Digernes frå Åndalsnes.
Foto: FOTO: Peder Songedal