Utflyttarar frå Flø hadde fått innbeding i posten til denne festen. Det var blandakoret Hemingen som stod som arrangør. Men dei hadde ikkje soge ideen av eige bryst, som Eldar Stein Flø sa det. Det var han som leia festen. Ideen kom opp for fleire år sidan då Hemingen arrangerte Jukeboks-kveld. Kan de ikkje arrangere ein kom-heim-kveld, var det ein mann som føreslo. Dette var ein ide koret tende på. Så no vart det omsider fest. Festen vart eit populært tiltak der 155 møtte opp. Hemingen, med Vidar Dimmen på solo, song "500 Miles away from home". Om nokon hadde reist så langt for å kome heim til Flø er uvisst. Men Gry Knotten Flø hadde reist tretten timar for å få med seg festen. Denne festen ville ho ha med seg. Ho er dotter av Eldar Stein Flø og Greta Flø. Gry er trulova i Tyskland, og der har ho budd i sju år. Nett dette året studerer ho i Halden. Etter så mange år i utlandet, synest fløjenta det er godt å bu i Noreg att og ha norsk kultur rundt seg. Samstundes saknar ho kjærasten i Tyskland og gler seg på å flytte tilbake til han. Når ho bur så langt vekke blir det ikkje så mykje tid til å reise heim til Flø. Det blir helst i jula og ein tur til sommaren. Men heimkomstfesten vart eit flott påskot til å reise heim. Det er kjekt å så mange kjende fjes. Når eg er heime elles blir det mest til at eg er heime med foreldra mine. Her får eg møtt mange gamle kjende, smilte Gry Knotten Flø som hadde gledd seg stort til denne kvelden. Ho fortalde at når ho med tida stiftar familie kan ho godt tenkje seg eit hus på Flø. Så då vil du flytte heim til Flø? Nei, men eg kan tenkje meg eit hus her som eg kan reise til, svarte Knotten Flø og såg meir føre seg eit sommarhus.

Song og glede

Det passa bra at Hemingen opna festen med songen "Venner" av Halvdan Sivertsen. For på heimkomstfesten møttest mange gamle vener og kjenningar. Etterpå song koret "Rorbuvalsen", om folket langs kysten som har trua til trass for små kår. Etter Hemingen hadde sunge "Shalala", kom det stavrande inn ei gamal kone. Frå andre sida av scenen kom det stabbande ein gamal mann. Det var Berit Roppen og Torgeir Grimstad som framførte sketsjen sin om boka med stor B, nemleg Bygdeboka. Eg kjenner alle i hop, ytra den gamle kvinna etter å ha sett seg om. Og dei ho ikkje kjenner slår ho opp i bygdeboka, så får ho dei plassert. Sketsjen tek sunnmøringane si store glede over å finne slektskap på kornet. Det vart elles tid til ein del allsong på festen.

Tid for mimring

Eldar Stein Flø fortalde ei gamal historie frå den tida båten Eikholm gjekk frå Flø til Ålesund. Så synte han gamle skulebilete på storskjerm. Her var det mange kjende andlet. Og folk vart plasserte, kva gard dei vaks opp på, kven dei var i slekt med og kven dei gifte seg med. Eit innslag som vart godt motteke i forsamlinga.

Urframføring

Til hausten skal Hemingen ha ein eigen konsert om uhyret kraken og andre havuhyre. Arild Torvund Olsen har komponert ein song til denne konserten, "Kraken", som vart framført for første gong på heimkomstfesten. Spranget var stort frå den dramatiske songen om kraken som ligg og kviler på havbotnen, til dei drøymande tonane frå 50-talet i "Moon River". Flø sitt svar på Jussi Bjørling, Lasse Holstad, gjorde ei meisterleg tolking av "Ut mot havet".

Heidra eldsjeler

Programmet vart avslutta med ein litt høgtidleg bolk. På vegner av bygda takka Oddbjørg Vartdal tre eldsjeler som arbeider kvar på sin måte til det beste for Flø. Eldar Stein Flø har stått på politisk og kjempa for både skulen på Flø og samvirkelaget. Han var med å skipa grendelaget, fekk i stand eit nytt byggjefelt og starte Flø Feriesenter. Hugo Opdal var av dei første som busette seg på Flø i det nye bustadfeltet. Opdal har skapt sin eigen arbeidsplass på Flø, og bileta han tek profilerer Flø på ein god måte. Ingjerd Flø fekk ein stor takk for at ho kokar verdas beste graut. Folk kjem langvegsfarande for å feire Jonsok på Flø og smake på grauten hennar. Alle tre måtte kome fram å motta blomar og applaus. Til slutt ville dei ha fram eit par som driv og ryddar seg tomt på Flø. Det var Berit Roppen og Torgeir Grimstad som måtte fram ein gong til. Takk for alt de har gjeve oss så langt, takka Vartdal og gav dei blomar. Festen vart avslutta med dans.

Oddbjørg Vartdal og Lasse Holstad synte utdrag frå Peer Gynt på heimkomstfesten på Flø.
Gry Knotten Flø var kanskje den festdeltakaren som hadde reist lengst for å vere med på heimkomstfesten på Flø.
Hemingen opna med "Venner". Eldar Stein Flø song solo.
Berit Roppen og Torgeir Grimstad med stor sans for Bygdeboka.