At dei skulle på turné kom nok som ei overrasking på borna i koret Ubaluba. I utgangspunktet var dei inviterte med på blåtur av dei to maskotane i koret, Kula og Myggen. Dei to tøyfigurane hadde lagt vattfyllet sitt i blaut og sett saman ein busstur med ikkje mindre enn to innlagde syngjestopp. Etter avreise frå nye SUFH på Varleite og ein "luretur" innom Ulsteinvik sentrum, stansa bussen opp ved Ulstein sjukeheim. Her song Ubaluba for dei som bur der, noko som vart sett stor pris på. Turen gjekk vidare, medan borna song "Ein bussjåfør, ein bussjåfør..." og andre songar som høver til bussreiser. Då bussen stoppa for andre gong var det utanfor Fredheim. Der hadde kvinneforeininga "Jentespranget" basar til inntekt for misjonsprosjekt i Thailand. Her fekk songarane høve til å kjøpe både lodd og kaker før dei stilte opp til ny sceneopptreden. Den kombinerte blåturen og turnéen vart avslutta med minikino og songleikar på SUFH.

Ubaluba syng på Ulstein sjukeheim.