I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det servering og loddsal. Som vanleg vil to kunstverk – innkjøpte av kunstlaget frå utstillingane våre i 2006 – verte trekte blant medlemene. Eitt av desse – ein litografi av Ørnulf Opdahl – vert trekt blant alle medlemene i kunstlaget, og det andre – eit bilete av Liv Dysthe Sønderland – blant dei medlemene som møter fram til årsmøtet. Desse får såleis ein dobbel sjanse. Dei som melder seg inn i kunstlaget før årsmøtet, vil delta i trekninga(-ne). Gevinstane har ein økonomisk verdi på kr. 2.500 og 3.000, og så kjem den visuelle verdien i tillegg. I samband med årsmøtet vil Gunder Runde halde eit lysbileteforedrag om norsk kunst i 1930-åra. Dette er eit tiår med store problem – alle kjenner vel uttrykket ”dei harde 30-åra”, med arbeidsløyse og naud, politisk uro og sterke kulturelle brytingar. Samtidig får ekstreme politiske rørsler fotfeste ute i Europa: kommunismen i Sovjet, fascismen/nazismen i Italia og Tyskland. Dette avspeglar seg også i kunsten – den tradisjonelle norske, nasjonale kunsten brytst mot dei europeiske kunsttendensane, særleg mot den franske, eksperimenterande og den tyske, ekspresjonistiske kunstretninga. Gunder Runde vil vise døme på desse ulike tendensane i norsk målarkunst i 1930-åra.