NRK håpar på ruskevêr når dei kjem til Runde i februar og mars for å gjere opptak til "Vaffelhjarte". (arkivfoto) Foto: Sunniva C. D. Werkland

Den planlagde fjernsynsserien er tufta på den populære barneboka”Vaffelhjarte” av Maria Parr frå Vanylven.

NRK har hatt audition i Volda for å finne skodespelarar til serien. For å finne den beste staden til innspelinga, har dei vurdert fleire stader. Og valet fall altså på fugleøya i Herøy, skriv smp.no.

– Runde blei valt ut fordi der er alt vi treng. Vi kjem til å bruke heile øya i opptaka og mange blir engasjerte i det som skjer, kommenterte produksjonsleiar Margrethe Fjelltun til NRK.

Runde Miljøsenter vil hyse det store produksjonsapparatet som kjem til øya.

Håpar på ruskeveret

Fjernsynsgjengen kjem til Runde i februar og mars for å gjere første opptaka til serien. Då håpar dei på skikkeleg ruskever.

Andre og siste del av innspelinga blir i juni neste år.

NRK har framleis ikkje bestemt seg for kven som skal ha hovudrollene. Dei står no att med 90 born, ein fjerdedel av dei som var på audition. Fjernsynsselskapet melder om at dei òg vil trenge ein del statistar.

Tjelden på Runde vil kanskje bli fanga opp av kameralinsene til NRK Super. (arkivfoto Sunniva C. D. Werkland)
Runde Miljøsenter vil hyse det store produksjonsapparatet som kjem til øya. (arkivfoto) Foto: Leiv Arne Grimstad
Maria Parr har skrive forteljinga om Lena og Trille. (arkivfoto) Foto: Siri Juell Rasmussen