Malin Reitan held familikonsert på Dei Nynorske Festspela. Foto: Pressebilete

Det er sommar og skulefri når Malin Reitan kjem til Volda bygdetun for å halde familieshow under Dei nynorske festspela fredag 25. juni. Etter at Malin vann den norske finalen i MGP Junior i 2005, har ho etablert seg som artist med fire solide CD-utgivingar og meir enn 100 000 selde CD-ar. I fjor blei ho den yngste vinnaren av Spellemannprisen nokosinne, som fjortenåring.

Med den siste CD-en har Malin droppa museflettene og slått ut håret. Ho viser til fulle at ho er meir enn ei sjarmerande barnestjerne. Tekstane er blitt meir modne, musikken litt røffare i kantane, men like fengande. Det er ein heilstøypt artist som formidlar kjensler, mot og livsglede gjennom musikken, alt like sjølvsagt framført på trønderdialekt.

– Det kanskje viktigaste for meg er at lyttarane kan kjenne seg igjen i det eg syng om, seier ho sjølv beskjedent.

Når Malin er ferdig på scenen legg festspelarrangøren til rette for fleire aktivitetar for borna på Volda bygdetun. Det blir også høve til å få kjøpt sommarleg mat og drikke i det flotte miljøet på bygdetunet. Familieshowet med Malin er eitt av fleire arrangement for born under Dei nynorske festspela.