Sjølv kvesser han klørne, spissar øyrene og gler seg til å høyre gjennom alle bidraga. Lurivar etterlyser nye nynorske barnesongar som ein kan bruke i barnehagen, på skulen, i kor og sjølvsagt i heimen. Songane skal høve for barn mellom 4 og 9 år. Innleveringsfristen er 1. august og premien er på 10 000 kroner. – Song og musikk er mykje brukt i både skular og barnehagar, og vi ser at songgleda er stor mellom barna. Det er viktig at barna skal få syngje fleire songar på nynorsk, derfor inviterer vi no til denne konkurransen. Vi er svært glade for å ha fått med oss så gode tekst- og tonekunstnarar i juryen, seier noverande matmor for tunkatten, formidlingsleiar Anne Marta Vadstein. Ho får gleda av å samarbeide med Maj Britt Andersen og Runar Gudnason i juryarbeidet. Godt kvalifisert jury Tunkatten Lurivar synest det er viktig å gi barna sjølvtillit til å bruke sitt eige språk og sin eigen dialekt, og på det området har Maj Britt Andersen vore eit særs godt føredøme på Austlandet, der mange dialektar held på å forsvinne. Erfaringa hennar som formidlar av barnesongar gir juryen ei fagleg tyngd som er svært verdfull. Runar Gudnason, som også har takka ja til å vere med i juryen, er frå same staden som tunkatten, Hovdebygda på Sunnmøre. Han er sjefsrappar i gruppa Side Brok, og har utmerka seg med å skrive gode rappetekstar på dialekt. Nettsongbok Den songglade tunkatten eig sjølv berre ein gitar utan strengar, og det han syng er helst kattemusikk, men det hindrar han ikkje frå å vere ein ihuga songelskar og songsamlar. No vil han også lage ei songbok på nettstaden sin www.tunkatten.no Songkonkurransen er ein del av prosjektet ”Tunkatten si nettsongbok”. Målet med nettsongboka er å gi barn, foreldre, tilsette i skular og barnehagar og andre lettare tilgang til gode nynorske barnesongar. Nettsongboka vil innehalde både gamle og nye songar presenterte med både lyd og notar, slik at alle lett skal kunne ta songane i bruk. Nynorsk kultursentrum har fått støtte frå ABM-Utvikling til dette prosjektet.