Litteraturformidlar Janne Karin Støylen har med seg fleire nye barnebøker når Ivar Aasen-tunet inviterer til Bokfest for born sundag 17. oktober. Borna får mellom anna høyre frå Erna Osland si nye bok "Sov søtt, herr Spiss", sjå film om Jakob og Neikob og vere med på spennande aktivitetar.

"Sov søtt, herr Spiss" er fagbok og biletbok i eitt. Erna Osland skriv leikent om den vesle spissmusa herr Spiss som ikkje får sove. Han dreg ut på ei farefull ferd og møter folk og dyr som søv. Her får du vite kvifor vi søv, kva som skjer om vi ikkje søv og kvifor dyr og menneske søv så forskjellig. Som vanleg skaper Erna Osland engasjement og interesse med ein engasjert og utforskande tekst.

Janne Karin Støylen arbeider mellom anna på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Derifrå har ho også med seg ein animasjonsfilm om Jakob og Neikob, bygt på den flotte biletboka av Kari Stai. Det blir ei hyggjeleg og festleg bokstund i salen i Aasen-tunet.

Arrangøren byd også på verkstad med ulike aktivitetar på denne familiedagen. I tillegg blir det også fleire høve til å vinne flotte bokpremiar frå Blåmann barnebokklubb. Kafeen og butikken er opne heile dagen.