– Tødenes har ein sjeldan stemmebegavelse, som eg i mitt lange verke som pedagog og utøvar sjeldan har opplevd maken til, rosar Kåre Bjørkøy, som er professor i klassisk song ved Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim.

Torsdag og fredag førre veke var det for første gong plateinnspeling på Sjøborg kulturhus. Bror Magnus Tødenes spelte inn sin første cd. Mona Spigseth Sagstad, lektor i klaver ved NTNU i Trondheim, var med og spelte klaver.

Det unge tenortalentet likte godt at hans første plateinnspeling skjer i nettopp Ulsteinvik.

Plata vil innehalde klassiske perler og store ariar frå operalitteraturen. Plata kjem ut i midten av desember.

Les meir om Bror Magnus Tødenes si plateinnspeling i papirutgåva av Vikebladet Vestposten tysdag.

Bror Magnus Tødenes medan han syng inn sin første cd.
Professor Kåre Bjørkøy produserer plata. Han har gjort mange innspelingar sjølv, så han hadde ein del nyttige råd å kome med.
Mona Spigseth Sagstad speler klaver på plata. Amfiet på Sjøborg var skove heilt tilbake for å gje plass til plateinnspelinga desse to dagane.
Svein Erik Amås er lydteknikar på plata. I bakgrunnen skimtar me far Bertil Tødenes som observerer innspelinga.