I førekant av kampen mellom Hødd og Sandefjord sundag, arrangerte Exposed to Failure musikkvideoinnspeling saman med Fantastiske Osberget, Ulstein kommune og ein stor gjeng jublande blåkrigarar på Høddvoll.
Var det kanskje motivasjon nok for Hødd sin 1-0 siger over Sandefjord?
Fantastiske Osberget gjorde cupfinalevideo-opptak på Oshaugen
Cupfinalelåt
Vi kan berre spekulere. Men full jubel med levande musikk, blå flagg og blåmåla andlet prega likevel Høddvoll nokre timar før kampstart.
Gjerdsvikabandet Exposed to Failure som tidlegare fekk låta "Stolt på Ullevaal" kåra til cupfinalelåt for Hødd, jobba intenst saman med Fantastiske Osberget og Ulstein kommune med å spele inn deira musikkvideo for denne låta.
Følg Vikebladet Vestposten på Facebook
Og mange møtte fram.
Både born og vaksne, Blåsarar og ikkje-Blåsarar møtte fram for å skape god stemning på kunstgrasbana. Røykmaskin laga ei røff stemning, medan bandmedlemmene song så det klang på idrettsanlegget.
Video frå den festlege hendinga ser du i overkant av artikkelen.