Det er ingen tvil om at dei vesle borna tenkjer på andre i jula. Sjarmtrolla frå Grønmyr barnehage tok turen til Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH) torsdag, med lussekattar og ein liten konsert.

Stormande applaus

Ute i korridoren møter Vikebladet Vestposten ein gjeng kvitkledde born med glitterband rundt hovudet. I hendene har dei elektroniske lys, og ei korg med sjølvbakte lussekattar.

Inne i storsalen på SUFH sit ei stor forsamling og ventar spent på det som skal skje. Dørene går opp, og inn kjem borna på ei rekkje, medan dei syng songen Santa Lucia.

Dei tek turen ned i amfiet, før dei går rundt å delar ut lussekattar til studentane, som vert meir en glad for den flotte gesten.

Men borna har meir på lur. Dei samlast i amfiet på nytt, og syng eit par julesongar til. Studentane takka borna med stormande applaus for den flotte innsatsen.

Borna song så vakkert for SUFH-studentane at dei fekk stormande applaus frå salen. Foto: Joar Drønnesund