Etter planen skulle Synnøve Skarbø sitje på Strax Bokhandel på Hareid i dag og signere boka si om rydding, "Synnøves system".
Boka er eit resultat av kjendisen si 40-årskrise. Ho fekk fødselsdepresjon då ho vart mamma i ein alder av 40 år. I eit intervju med Dagbladet sa ho at det einaste som heldt henne oppe var at ho skulle tilbake i jobben som programleiar på TV Norge, men så mista ho jobben der. Ho sank endå lenger ned, men fekk til å rydde seg ut av depresjonen.
Dette har ho skrive bok om.
Og den boka skulle ho altså sitje på Hareid og signere i formiddag, etter ein helkoptertur frå Stranda. Men i dag tidleg fekk bokhandlaren melding om at det var for dårleg sikt til å helikopteret kunne fly henne til Hareid.
Wernik Hauge håpar at Skarbø kjem til Hareid ein annan dag i staden. Det kom ein del kundar innom butikken for å møte Skarbø. "Synnøves system", peparkaker og klementinar stod framme, men forfattaren sjølv var ikkje til stade.
- Men me har eit godt tilbod på boka, kommenterer Hauge som seier seg lei for at Skarbø måtte avlyse denne gongen.
Men sånn er det, ein kan ikkje styre vêret.