Heile 103 betalande, i tillegg til dei tilsette og eigar og drivar Anna Josefine Jønsson, storkosa seg under intimkonserten. Karane som kallar seg for 3+1 spelte songar skrivne av Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid. Dei siste to i gruppa er Tormod Engen og Karsten Robert Kirkebø. Det var ei flott stund på kafeen, og kaféinnehavaren meiner konserten var ein suksess.

- Det stod folk utanfor då eg skulle opne. Vi fekk signal om at det var ein del som kom, men at det kom så mange som dette hadde eg aldri trudd. Heldigvis har vi breie vindaugskarmar på kaféen slik dei at som ikkje fekk stolar fekk site. Elles fekk vi låne stolar frå Trådkråa, fordi det ikkje var plassar igjen. Alt i alt så var dette ei særs positiv oppleving, seier Anna Josefine Jønsson.

Odd Goksøyr i 3+1 rosa Josefine for eit fint konsertlokale.

- Det var mykje folk i eit så lite lokale. Ein intimkonsert i ordets rette forstand, seier Goksøyr og skrattar.

Gode tilbakemeldingar

I etterkant av konserten har ho fått mange gode tilbakemeldingar frå publikum.

- Det var fleire som kom og sa at dette burde vi gjere meir av. Slike konsertar har eg hatt lyst til å ha her sidan vi opna for ein månad sidan. Difor blei eg veldig glad då 3+1 spurde om dei fekk ha konsert hos oss.

Anna Josefine fortel at det har gått bra for kafeen sidan oppstarten i midten av mai.

- Det har vore jamt med folk. Så er det ekstra kjekt at folk kjem tilbake med jamne mellomrom. Eg trur folk har sakna ein stad på Hareid der ein berre kan stikke innom og møte venar og kjente, i ei roleg og avslappa atmosfære.