Skodespelaren Inger Bakke kjem saman med musikaren Knut Ivar Bøe for å fortelje og synge vinter- og julesongar frå tunkattens songbok. Det blir fleire stasjonar med juleaktivitetar av ulikt slag. Med andre ord ein kjekk dag for heile familien. Tunkatten Lurivar presenterte for nokre veker sidan fleire nye vinter- og julesongar i nettsongboka si. – Alle skal få vere med å syngje på desse songane og julesongar som er meir kjende frå før, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Inger Bakke og Knut Ivar Bøe leier songstunda. Inger Bakke vil også fortelje ei søt juleforteljing av Maria Parr om eselet Pontjus. Born frå åtte barnehagar i Eid, Volda og Ørsta stiller i desember ut kunst i Galleriet i Ivar Aasen-tunet. Utstillinga tek utgangspunkt i songen “Vi vil ha snø” frå nettsongboka på tunkatten.no. – Her er det mange kunstverk av ulikt materiale, og vi gler oss til å vise dette i tunet på familiedagen, seier formidlingsleiar Kjersti Markegård Bae. På dei forskjellige stasjonane på juleverkstaden kan ein lage julepynt eller fine julegåver til nokon ein er glad i. Eit hjarte til mor, ein blome til far, kanskje eit bokmerke med engel eller nisse på til lesehesten eller ein kakemann til kakemonsen? Ein kan lage mykje fint med litt fargar, saks, lim og ei god hand til å hjelpe seg. Upå tunet vert det tent opp bål der ein kan grille pølser, eller berre nyte vinterdagen. Du får kjøpt både pølser til grilling, bollar og kakao i kafeen heile dagen