I 2014 vann Tindefilm Gullruten for "Beste foto, einkamera" med larsnesingen Tor Sivertstøl. Det var i samband med Tindefilm sin førrie dokumentar "Lysleite".

No er Tindefilm nok ein gong nominert til Gullruten sin fagpris. Denne gongen i kategorien "Beste orginalmusikk" for filmen Bit Ballerina Bulldog. Filmen aart elles vist på NRK1 14. mars i år.

Det er Tindefilm sine musikkprodusentar i Wales, Sylvia Strand frå Ulsteinvik og Jonathan Gregory som står bak musikken.

Komponistparet Sylvia Strand og Jonathan Gregory har jobba tett i lag med den prisvinnande filmskaparen og fotografen Tor Sivertstøl sidan han laga sin første kortfilm "Siste Vakt" i 2007. Etter eit lite sidesprang som Eurovisjon-artistar i 2010, der Sylvia og Jonathan arrangerte, produserte og framførte Kypros sitt bidrag under finalen i Oslo, kulminerte samarbeidet med Sivertstøl i Tindefim sin første film, den prisvinnande dokumentaren "Lysleite".

Med ein fot i Noreg og ein i Wales, har Sylvia og Jonathan mellom anna skrive musikk til sju sesongar av den kjende norske TV-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" , "Trollstigvegen" og "Fjelldronninga", sistnemnde er Oddgeir Bruaset sin dokumentar om dronning Sonja sitt tilhøve til norsk natur. Musikken til Sylvia og Jonathan vert og brukt av BBC i ulike sportssendingar, seinast no i februar 2016 under ein rugbykamp mellom Wales og Skottland der BBC kunne rapportere om over 9 millionar sjåarar.

Sylvia Strand og Jonathan Gregory er nominert sammen med  Gaute Tønder for "Kampen for tilværelsen", produsert av NRK for NRK og Stein-Johan Grieg Halvorsen og Eyvind Andreas Skeie for "Idas dagbok", produsert av Indie Film for NRK.

Fagprisutdelinga av Gullruten skjer på Chateau Neuf onsdag 27. april, og det hele vert sendt på TV2 onsdag 11.mai.

200 ulike bidrag har vært påmeldt i år.