For ei tid sidan skreiv vi at det no fanst att berre tre gamle mjølkebukkar på Hareidlandet: den på Bjåstad, ein bukk i Ringstaddalen (som no fungerte som postkassetstativ) og ein ny-fotografert bukk på Kvalneset. Andreas Moldskred fortel at mjølkebukken på Bjåstad ikkje er lenger. Men han tok eit bilde av han då han var heilt på det siste. Her er det. - Like etterpå var han vekk.