Dei er på ein turne i Noreg og Herøy er første stopp. Koret høyrer til i mellomalder-katedralen i Exeter, som ligg heilt sør-vest i England. Koret har både gutar og jenter som syng sopran, medan vaksne menn syng alt-, tenor- og bass-stemmene. Koret som kjem hit, har 20 barn frå 11 til 13 år og 12 vaksne songarar. Barna går på ein eigen katedralskule og får vanleg undervisning i tillegg til korøving og synging i kyrkja. Koret syng i kyrkja åtte gonger i veka, tre av dei på søndag. I Herøy vil dei framføre eit tradisjonelt program med kyrkjemusikk frå ulike tidsaldrar med den karakteristiske engelske barnekorklangen. Dette blir ei stor oppleving som alle korinteresserte må få med seg. inf.