- Sogelaget er ikkje på noko vis "nedadgåande" i den forstand at det ikkje vert meir dugnadsarbeid eller glød for arbeidet. Men forvaltinga av Storegjerdesamlinga er berre eitt av fleire arbeidsområde, og det tek mykje ressursar. No håper vi å kome i ein dialog med kommunen der vi får meir støtte frå det offentlege, seier leiar i Sande sogelag, Jakob Strand til Vestlandsnytt.