Utan å røpe for mykje av innhaldet i årets revy kan Trude Gurskevik Knotten love at dei vil kommentere dei mange omveltingane som skjer I Ulsteinvik. Dimnagjengen har merka seg at det er mykje som skjer både over og under grunnen. Elles vil dei kome inn på ymse kvardagslege hendingar som folk kan kjenne seg att i. Denne gongen har revytroppen fått med seg eit par nye aktørar, sjølv om grunnstamma er den same.

Held på stilen

Gurskevik Knotten kan fortelje at dei vil halde på stilen dei har lagt seg på. Dei bryr seg ikkje om korleis profesjonelle meiner ein skal leggje opp ein revy. Dimningane vil lage revy på sitt eige vis. Det har publikum likt, og publikum skal vite sånn omtrent kva dei får. Dimnarevyen er ein revy for amatørar, og det skal han halde fram med å vere, erklærer Gurskevik Knotten. Det skal vere rom for dei som aldri har prøvd seg før. Kvar sundag møtest revygjengen og utvekslar idéar og tankar. Så skriv dei nummer og tekstar ut ifrå det. Skal framsyningane vere på Dimna? Ja, så klart. Halve vitsen for oss er å ha det her. Folk kan ha godt av å ta seg ut hit ein tur, svarer Gurskevik Knotten. Men legg til at det sikkert kan vere artig å prøve kulturhuset ein gong etter det har opna. Dei er ikkje heilt framande for tanken.

Intenst og krevjande

Dei siste ti åra har det gått to år mellom kvar gong det er Dimnarevy. Trude Gurskevik Knotten vedgår at det er intenst og krevjande å setje opp revy, så dei treng litt tid til samle opp krefter mellom kvar gong dei tar laus på ein ny revy. Men no er dimningane klare til dyst.