– Julekonserten har vorte ein fin tradisjon, med korsong og mykje allsong. Koret har i haust, under sin inspirerande dirigent Morten Bollerud, øvt inn dei gamle gode julesongane, samt ein del nytt stoff basert på klassisk repertoar. Dirigenten sjølv kallar det som nytenkjande og spennande innslag, og trur publikum kjem til å like desse melodiane, heiter det i den utsende pressemeldinga. Og vidare: – Ikkje minst det velkjende og melodiøse temaet frå symfoni nr. 9 av Antonin Dvorak, som er arrangert med tekst frå ”Glade jul”, og opnar konserten. Eit høgdepunkt for mange blir nok den mektige og vakre Ave Maria av J.S. Bach, som blir litt av ei utfordring både for sopran, alt, tenor og bass. Eit anna høgdepunkt blir O`Helga natt der gutta verkelig får vise kva dei er gode for! Og meir Bach blir det også, nemleg den mektige ”Jesus bleibt meine Freude” frå Kantate 147. Kantor Terje Tjervåg spelar med på orgel og piano, og skal også spele eit eige innslag i konserten i tillegg til å spele til allsongane. – I år har vi fått med Kamilla Halvorsen Kløvning som gjestesolist. Kamilla er ei Volda-jente som går på musikklinja i Volda. Ho er ei ihuga jazz-jente, og på konserten opptrer ho saman med dirigent Bollerud på trekkspel. Stikkord for samspelet blir høgst truleg mykje leik med tonar og improvisasjon. Spennande! Dei gode gamle julesongane, som er eit must for ein kvar julekonsert, er sjølvsagt også på programmet. På nokre av dei er kor-medlemane Annica Nilsen og Arnhild Nørvåg solistar. Og på fleire av dei får publikum vere med. Nina Elisabeth Bøe er programleiar og vil binde det heile fint saman. Ta med heile familia til Herøy kyrkje søndag ettermiddag og kom i julestemning saman med oss. Konserten er sjølvsagt gratis, men det er høve til å gi ein slant ved utgangen som går til dekking av utgifter.
Kultur →
Inviterer til julekonsert i Herøy kyrkje
Komande søndag ettermiddag inviterer Bergsøy Blandakor til julekonsert i Herøy kyrkje.