Per Emil Grimstad og Ina Breivik i rollen som kjendisparet i Teatret Vårt sin forestilling ”Hele Norges Bennus”. Foto: Arild Moen

Framsyninga handler om Norges mest kjende person, den seks månader gamle guten Bennus som blir borte og set heile landet i sving for å finne han.

Stykket er eit oppgjør med pressas prioritering og kva for saker som får merksemd. Ina Breivik debuterer som skodespelar på Teatret Vårt, i rolla som kjendismammaen Cecilie Solstraum frå Ålesund.

Ein dag blir eit lite barn med kjendisforeldre borte. Kva har skjedd? Er han blitt kidnappa? Eller har han krabba ut av leikegrinda på eiga hand?

Heile landet engasjerer seg i jakta på den seks månader gamle guten, som nyleg er adoptert frå Haiti.

I fremste rekke har vi presse og politikarar – og publikum. Politiet har lite å bidra med i etterforskinga, på grunn av den beklagelege ressursmangelen.

I ”Hele Norges Bennus!” ser vi korleis det overflatiske møter det alvorlege i teikninga av informasjonssamfunnets skuggeside.

I hovudrolla finn vi Ina Breivik frå Ålesund og med seg på scenen har ho Gøril Haukebø, Vivi Sunde, Hugo Mikal Skår, Per Emil Grimstad, Line Starheimsæter og Herman Bernhoft. Regien er ved Bjørnar Lisether Teigen.