"Rhythm n blues-legenden Georgie Fame.

- I ryggen har han 14 hitsinglar og eit tjue-tals album, og i kofferten har han pakka med seg sin eigen herlege miks av blues, jazz og rock'n roll. Sist han var i Noreg heva han taket på Oslo jazzfestival, og no er vi klare for ein heilaften med denne klarrøysta legenda i Ørsta, heiter det i pressemeldinga frå Torbjørn Frantsen hos arrangøren.

Georgie Fame vart fødd i den industrielle byen Leigh, Lancashire i 1943, og fekk sin første musikalske inspirasjon frå musikalske kveldar i kyrkja og faren sitt danseband. Sjølv om han så vidt starta å klimpre på pianoet i ein alder av sju, så var det ikkje før Rock n' Roll byrja å kime på radioen på 50-talet at vesle Georgie fann fram rockefoten og verkeleg fatta interesse.

Før han fylte 17 hadde Fame allereie spelt og sunge seg gjennom England på kryss og tvers med blant anna Marty Wilde, Billy Fury, Eddie Cochran og Gene Vincent. Samstundes som han dei neste par åra fekk seg ei rekkje hits i ermet, byrja Georgie å følgje interessen sin for jazz, noko som resulterte i milepælen av eit album; "Sound Venture" med Harry South Big Band.

Mannen har sidan gjeve ut over tjue album og hatt 14 hitsinglar, og har spelt side om side med ein variasjon av artistar som spenner frå Dr. John til Eric Clapton, og frå Steve Gadd til Will Lee og Van Morrison. Velkomen til ein kveld der alt kan skje, stillesitjing blir det garantert ikkje!

Georgie Fame Trio er: Georgie Fame (b3, voc), Tristan Powell (git), James Powell (dr)