Lars Akslen frå Emblem vert med som talar. Det vert eige opplegg for borna. Janne Iren Norddal spelar piano til allsongane og det vert også andre musikalske innslag. Som vanleg vert det sett av god tid til kaffidrøs som siste programpost. Målet med desse søndagssamlingane på Rjånes, er at folk i alle aldrar kan møtast for å dele Guds Ord og oppleve fellesskapen med andre.