Kora vil synge kvar si avdeling og i tillegg blir det eit par fellesnummer. I februar var det fellesøving, og det var ei fryd både å sjå og høyre den store, flotte barneflokken! Temaet for konserten er “Du er fantastisk”. Gjennom songar, dans og dokketeater ynskjer kora å få fram kor stor verdi kvart enkelt menneske har. Det vert tombola og sal av bollar, saft og kaffi. Inntektene går til stiftinga “Live 8”. Kula og Myggen blir med og håpar på å sjå deg i salen, heiter det i den utsende pressemeldinga.