– Kva er det dei vaksne likar aller best?

Spørsmålet vert hengande i lufta, medan borna som har møtt fram til årets «Sommarles»-avslutning tenkjer seg om.

– Pengar. Det er det dei vaksne likar aller best, kan forfattar Arnfinn Kolerud fortelje borna.

Det er lange ventelister på boka «Snillionen» ved Ulstein folkebibliotek. Ventelistene vert nok ikkje kortare etter laurdagens forfattarbesøk. Arnfinn Kolerud besøkte biblioteket i samband med markeringa av årets «Sommarles»-kampanje, og på underfundig vis engasjerte han både born og vaksne.

– «Snillion» er sett saman av orda «snill» og «million», forklarte Kolerud. I denne boka møter vi Frank og mor hans som vinn 24 millionar i Lotto.

– Det var det einaste eg visste då eg tok til å skrive, fortalde forfattaren.

«Snillionen» handlar om korleis pengane påverkar livet til Frank og mora, ikkje minst etter at dei bestemmer seg for å gi bort ein million kroner til den i bygda som oppfører seg snillast.

– Er du snill?

Arnfinn Kolerud las utdrag frå forteljinga.

Inn i mellom slenger han ut eit spørsmål til lyttarane. – Kva er det å vere snill? – Er du snill? – Er det nokon her som er bortskjemde? – Kva ville du ha gjort om du vann i Lotto?

På siste spørsmål var det mange svar. Nokon ville ha brukt pengane til å kjøpe godteri, nokon ville ha gitt dei bort, medan ein ville ha investert premien i ein fiskebåt.

Eitt av «Sommarles»-borna, Ella Tødenes, fekk også vere med å framføre ein dialog frå boka, mellom Frank og ein slem gut som får Frank til å betale andre born til å gjere stygge ting for dei. Kolerud hadde replikkane til den slemme guten.

«Snillionen» kom ut i november i fjor og Arnfinn Kolerud kan fortelje at det allereie er planar om å omsetje boka til spansk, russisk og koreansk.

Forfattarbesøket markerte slutten på årets «Sommarles»-kampanje og biblioteksjef Mona Iren Auganæs fortel at oppslutnaden om kampanjen har vore stadig aukande.

– Vi har hatt 313 sommarlesarar. Dette er dobbelt så mange som i fjor. Til saman har dei lese 285.989 sider fordelt på 2786 bøker, fortel ho.

«Sommarles»-avslutninga vart halden i samarbeid med Ulstein Mållag som delte ut sitt splitters nye nynorske aktivitetshefte til alle som ville ha.

Også ved Hareid folkebibliotek har det vore «Sommarles»-kampanje med svært god oppslutnad, men dei vil ha si avslutning den 13. september.