Den 14. september er det val på nytt sokneråd, og fram til 1. mai kan du påverka kven som skal stå på lista over kandidatar.
Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til nominasjonskomiteen i Ulstein, Tor-Wilhelm Havåg, og i Hareid, Renate Liaset innan 7. april 2015.
Medlemer av Den norske kyrkja som bur i soknet og som seinast i 2015 fyller 18 år kan veljast.
Alternative lister
Soknerådet har oppnemnt ein nominasjonskomite som skal lage ei liste. Det er i tillegg høve for andre å levere inn eigne kandidatlister innan fristen 1. mai 2015. Forslag til kandidatlister skal vere underskrivne av 10 røysteføre medlemer. Kontakt kyrkjekontoret for å få vita krav til kva opplysningar som skal vera med om kvar kandidat.
Kyrkjevalet finn stad 14. september 2015, med førehandsrøysting frå 10. august. Direkte val på fire leke medlemer av bispedømerådet finn stad samstundes med soknerådsvalet. Medlemene av bispedømerådet utgjer også Bjørgvin sine medlemer i Kyrkjemøtet, det høgste organet i Den norske kyrkja. Kyrkjevalet vert halde same dag som kommune- og fylkestingsvalet og i nærleiken av dei offentlege vallokala. Alle røysteføre medlemer av kyrkja vil få tilsendt eit valkort i posten før 10. august. Der vil det stå kvar ein kan røysta.