Torsdagskvelden er det teaterførestilling for dei aller minste på Sjøborg kulturhus. Framsyninga passer for born mellom 2 og 4 år.

I "Hvit" møter me dei to venene Bomull og Rynke. Dei bur i ei skinande kvit verd, omgjeve av kvite fuglekasser. Dei har på seg kvite klede, et kvit mat og passer med stor omsorg på dei kvite egga som fell ned frå himmelen.

De passer også på at verda framleis held fram med å vere kvit, rein og ryddig. Ein sjeldan gong dukkar ein rampete farge opp. Han blir straks fjerna og kasta i bossbøtta. Men så ein dag fell brått eit raudt egg ned frå himmelen. Det raude egget snur opp ned på heile deira lysande, kvite verd. Snart dukkar det opp fargar overalt, gult....grønt….blått…..lilla…

Gode teatermeldingar

Hvit er ei leiken og høgst visuell framsyning, perfekt som eit første møte med teateret. Med fantasi, humor og innsikt, viser historia oss korleis forandringar og nye opplevingar på same tid vekkjer engstelse og motstand i oss, så vel som nysgjerrigheit, belønning og glede - uansett alder.

Barneteatret Vårt turnerte med framsyninga i 2012, til stor glede for store og små. Men små born blir fort større, så no vil dei vise framsyninga til nye to-, tre- og fireåringar.

Sunnmørsposten gav forestillinga toppkarakter i 2012 og skreiv følgjande: «Barneforestillinga «Hvit» er ei skinnende lita perle. Med humor, budskap og gjennomført forseggjort scenografi.» Romsdals Budstikke skildra «Hvit» som «Eksistensielt barneteater» og gav stykket terningkast seks.

«Hvit» er skapt av Andy Manley og Shona Reppe og på scenen står John Sigurd Kristensen og Jonas Delerud