Men det er ikkje Kjetil Rekdal som har skrive boka “Mitt liv som i”. Nyhets- og samfunnsreporteren Olav Østrem er forfattar. Rekdal har sjølv formidla innhaldet til Østrem, som i samarbeid med Rekdal har skrive boka.
Spennande
Laurdag sit Rekdal bak eit lite bord inst i eit hjørne på Eiken Libris i Ulsteinvik. Rundt han strøymer engasjerte menneske til, for å sikre seg eit signert eksemplar og for å gje støtte i høve Rekdal sin plutselege avgang frå fotballklubben AAFK.
– Eg tykkjer det er kjekt å reise rundt for å signere denne boka. Eg får treffe mykje folk og snakke litt laust med dei. Eg trur også det er viktig at dei får sjå meg som ein annan person enn den folk flest er kjend med frå tv-skjermen, flirer Rekdal.
Rekdal fortel at han har hatt eit fantastisk godt samarbeid med Østrem, som sjølv tok initiativ til å skrive biografien hans.
– Eg kjende ikkje Østrem frå før av. Vi møttest og fekk god kontakt. Østrem har gjort eit godt arbeid med boka. Men noko anna kan eg ikkje vente sidan han er flink, energisk og har ei unik stå-på-vilje, slår Rekdal fast.
Han fortel at han eigentleg skulle vitje Ulsteinvik sist helg, men at han grunna sjukdom måtte stå over.
– Eg, og sønene mine fekk sjuka. Så vi har leie under dyna alle mann. Difor gjekk eg glipp av turen som var planlagt helga før. Diverre gjekk eg glipp av Sandemessa også, beklagar Rekdal.
Usikker framtid
På spørsmål om kva framtida vil bringe, har ikkje Rekdal gjort seg opp noko meining.
– Då eg vart sjuk valde eg å ikkje diskutere framtida. Eg ville heller ikkje svare på telefonar. Det er greitt å kunne kople av frå det som har skjedd i forbinding med AAFK, seier han.
Men dei siste dagane har han vore meir mottakeleg for tilbod, føresegner og dialogar.
– Med tanke på det som har hendt, ser eg ikkje noko behov i jobbe som trenar om eg ikkje får tilbod. Det går å jobbe både i og utanfor fotballen. Men i første omgang vil eg reise rundt å signere boka. Eg har planlagt ein tur til både Oslo og Hamar for å signere bøker, avsluttar Rekdal med eit smil.