- Det ligg mykje arbeid bak ei slik framsyning. Dirigenten vår, Robert Skeide, har arrangert alle songane for mannskor, og Dagfinn Olav Bye har stått for opplegg og regi. Siste dagane har prøvene og finpuss gått føre seg på Sjøborg med musikarar, lyd og lys, fortel leiar Otto Botnen i Ulstein mannskor.
Koret stiller med heile åtte solistar og ein gjestesolist - i tillegg til eigne skodespelarar.
Denne gongen skal det altså ikkje berre syngast. Koret skal også framføre kvardagen på ei skute for kring 100 år sidan.
- Her blir det jobbing, lengt og røvarhistorier frå heile verda, slår Botnen fast.