«Jag trodde inte det fanns en så fin plats i världen», gispa Mikael Wiehe då han steig opp på scena sommaren 2009 og såg utover den blikkstille fjorden, og lyfte bliket mot dei snøkledde Vanylvsfjella. 4. og 5 juli er det igjen klart for Vanylvsråkk. Etter sju år har Vanylvsråkk verkeleg fått fotfeste i lokalsamfunnet og hos det musikkinteresserte i bygdene rundt. I år kan arrangørane by på  Elias Jung, Return, Stage Dolls, High Red med Adam Douglas og Violet Road, Line Dybedal, Valkyrien Allstars, Sivvah, Blodsbrødre og ikkje minst The Straits.

Internasjonale og nasjonale

Den størte signeringa for Vanylvsråkk denne sommaren er The Straits. Gruppa er det næraste du kjem Dire Straits utan Mark Knopfler, og er rekna for å vere eit fantastisk liveband. Årets festival kan også smykke seg med to nokså lokale artistar, Line Dybedal frå Selje og Elias Jung frå Volda kommune. Elias Jung er artistnamnet til Stian Grønbech, opphavleg frå Lofoten, men no busett på Lauvstad. Ljung er eit aktivt namn i musikkmiljøet i Volda og Dalsfjorden. Line Dybedal byrja som 14-åring å spele i band i heimbygda selje. Ho vann Urørt i 2010 med bandet The Pink Robots. Dei siste åra har ho satsa på soloprosjekt. Line Dybedal er songar, musikar og komponist, og spelar synthbasert pop med innslag av electronica.

Nattferje

I fjor drog festivalen 4000 besøkande til saman. Under konserten laurdag var 2500 innom portane på Eidså. Dette håper arrangørane å toppe i år. Det er satt opp nattferje mellom Koparnes og Årvik. Ho går klokka 00.55 fredag og 02.30 på laurdag frå Koparnes til Årvik. Dessutan har festivalstaden på Eidså gode fasilitetar for tilreisande. Her er ein god parkeringsplass og ikkje minst er her plass til 25-30 bubilar. Her er også god tilgang på straum, vatn og toalett. Kontakt arrangøren for plassbestilling. Under festivalen blir det rigga store og gode serveringstelt og mattelt.

Båthamn og trubadur

Skulle du velje å ta turen med båt, finn du ei stor hamn i Syvde - berre nokre kilometer frå festivalarenaen. Her kan arrangørane stille med bussar og køyre båtfolket til og frå.

- Det sosiale er viktig under ein slik festival, slik også med Vanylvsråkk. Mange kjem for å kose seg og ha det triveleg saman - i tillegg til å høyre på god musikk. I år har vi derfor bestemt oss for å ha trubadur Idar Godø i teltet der vi sel forfriskingar, fortel Tryggve Sundsbakk.

Frivillig arbeid

- Vi baserer all verksemda vår på entusiasme og frivillig innsats. Vi har meir enn 150 frivillige i sving i samband festivalen. Denne entusiasmen har smitta også til utflytte vanylvingar som har gjort det til ein vane å gjere ei «kome-heim-helg» den første helga i juli, avsluttar Tryggve Sundsbakk og Per Sundnes i Vanylvsråkk