Verken Karsten eller Andreas var til stades under utdelinga onsdag kveld. Karsten fekk difor nyleg utdelt stipendet, medan Andreas sin storebror Simen tok i mot stipendet på vegner av han.

– Vi har fylgt godt med begge desse karane, og dei har utmerkt seg på kvar sin måte dei siste åra. Eit GNIST mørestipend heng høgt, blant 170 søkjarar frå hele fylket er det 16 som får stipend. Det er difor ekstra kjekt å få lov til å dele ut to stipend her i Ulstein, fortel banksjef Nina Holm Sundgot i Sparebanken Møre i Ulsteinvik.

Karsten Warholm tek imot som sagt toppstipendet på heile 100.000 kroner. Dette håper banksjefen vil inspirere og motivere han.

– Vi håper at dette stipendet kan vere med på å legge til rette for at han kan gjere dei grepa som må til for å få full utteljing for satsinga si.

Om Andreas, som tok imot 30.000 kroner, fortel ho:

– Andreas har gjort suksess under artistnamnet Pandreas, og eg er sikker på at dette er ein kar vi kjem til å få høyre meir ifrå framover. Han er booka til fleire store festivalar i utlandet i sommar, medan han kanskje er mindre kjend her heime. Innan elektronikamusikk er konkurransen om merksemda hard, men vi trur og håper at Andreas har det som skal til for verkeleg å kunne slå gjennom.

Her er utdrag frå juryen sine grunngjevingar:

Karsten Warholm: Karsten vart verdsmeister i mangekamp under U18-VM i Ukraina i 2013. Noreg har berre hatt ein ungdomsverdsmeister tidlegare. Dei siste 4 åra har han tatt over 30 meisterskapsgull i aldersbestemte klasser i tillegg til gull i Junior NM og Senior NM i 2013.

Andreas Kleven Rasmussen: Andreas, eller Pandreas som er artistnamnet har gitt ut to EP-ar og har en tredje på veg. Han har fått mykje internasjonal merksemd. Andreas har også vore «Ukas urørt» i NRK P3 og blir spelt i denne kanalen med jamne mellomrom.

Pandreas, eller Andreas Kleven Rasmussen som han heiter i sivil, fekk eit stipend på 30.000 kroner.