Elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule fekk verkeleg med seg publikum under den klassiske musikalen «Rockeulven» - som gjekk av stabelen på Sjøborg kulturhus laurdag. Der baud dei på ein solid porsjon dramatikk, dans og heldigvis - ein lukkeleg slutt. Sjå bildeserie i botnen av saka!
Her har dyra i skogen gått saman om å fange ulven - for å tvinge han til å sleppe geitekillingane ut av fangenskap. Det gjorde han også - og historia fekk ein lukkeleg slutt.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Dei om lag 120 folkehøgskuleelevane har saman med tilsette ved skulen jobba i vekevis med framsyninga – og resultatet stod verkeleg til 20 i stil.
Dei hadde så langt hatt fire skuleframsyningar av musikalen – og skulle vise den éin gong til seinare på dag, laurdag.
«Rockeulven» er opphavleg basert på «Ma-ma», ein rumensk-russisk-fransk musikalfilm frå 1976. Det eksisterer mange ulike sceneversjonar av musikalen – men den versjonen Sunnmøre Folkehøgskule kunne vise fram var både engasjerande og stemningsfull. Folkehøgskulen har også sett opp «Rockeulven» tidlegare – men det er fleire år sidan sist.
Der fekk vi møte ei geitemamma som tok morsrolla si verkeleg på alvor – og som pliktoppfyllande tok vare på geitekillingane sine. Ho lærte geitekillingane sine ein heilt spesiell song ho skulle synge når ho kom heim frå marknaden – som berre ho kunne. Men den slu ulven høyrde sjølvsagt på det som blei sagt – og prøvde å lure killingane med å etterlikne mora. Det lukkast han ikkje med første gongen – men han måtte naturlegvis prøve igjen.
Resten av historia inneheldt ei kidnapping, ein heil skog som på grunn av det stod saman mot ulven og kompanjongane hans – og ein lukkeleg slutt.
Folkehøgskuleelevane fekk også publikum opp frå seta sine i løpet av musikalen – då dei inviterte til å danse BlimE-dansen frå i fjor. Artig!
Du kan sjå fleire bilde frå musikalen under:
Rocka ulv: Sjølvaste Rockeulven i aksjon på Sjøborg kulturhus.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Skumle typar: Gjengen til ulven forsøker å skremme ein av geitekillingane.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Tjuvlytta: Ulven lytta godt etter då geitemora lærte geitekillingane sine songen som berre ho kunne - slik at dei skulle kjenne att kven dei kunne opne døra til.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Marknaden: Eit glimt frå marknaden i skogen.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Dansa saman: Kanskje musikalens høgdepunkt for mange av dei minste - då folkehøgskuleelevane bydde opp til BlimE-dans.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Uroa for borna sine: Geitemammaen.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Skreiv kidnappingsbrev: Etter at ulven og kompanjongane hans hadde kidnappa geitekillingane - skreiv han brev til geitemammaen. Der kravde han gullpengar for å sleppe dei fri.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Protesterte mot ulven: At ulven bortførte geitekillingane fall ikkje i god jord blant dyra i skogen. Her frå protestane som oppstod.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Stor gjensynsglede: Etter at ulven hadde sleppt geitekillingane fri - var det naturlegvis stor gjensynsglede då dei fekk kome tilbake til mora.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Rungande applaus: Heilt til slutt kunne alle involverte kome fram på scenegolvet for ein velfortent applaus.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Applauderte bandet: Også bandet fekk mykje applaus.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.