Odd Goksøyr hadde nyleg stor suksess med dei nynorske Leonard Cohen-tolkingane sine. På årsmøtet kjem han til å syngja og spela for møtelyden. Det litterære bidraget kjem frå Øystein Orten. Han debuterte i 1995 med ei diktsamling med tittelen Havflammen, og er i dag både poet og romanforfattar med fleire kritikarroste utgjevingar bak seg.

Test dialektkunnskapane

I samband med årsmøtet lanserer Ulstein mållag, i samarbeid med Vikebladet Vestposten, ein dialekttest på vikebladet.no. Der kan du testa kor godt du kjenner lokale ord og uttrykk. Kan henda lærer du noko nytt òg? Testen er utvikla av Gunhild Snipsøyr frå styret i Ulstein mållag, med ord og uttrykk henta frå Ord og tradisjon av Peder F. Waage. For dei som møter på årsmøtet vert det dessutan høve til å ta del i ei uformell dialekttevling. Møtet vert halde i kommunestyresalen i Ulsteinvik fyrstkomande tysdag, og alle interesserte er hjarteleg velkomne.

Øystein Orten og Odd Goksøyr står for underhaldninga på årsmøtet til Ulstein mållag.