Det er Hødd si heimeside som melder dette dagen før overgangsvinduet stenger. Tollås skora mange mål for Hødd i 2005-sesongen. Han kom då frå ÅFK. No har Tollås vore Skeid-spelar ei stund, men utan særleg suksess. Dermed blir han utleigd til Asker ut sesongen. I Asker får han spele saman med ein annan tidlegare Hødd- og Skeid-spelar; Tor Einar "Teddy" Leira.